tirsdag 24. februar 2009

Skråninga av Carl Frode Tiller

Februarboka for bokdamene er Skråninga av Carl Frode Tiller, ei bok som verkeleg gjorde inntrykk på meg. Kort fortalt handlar boka om ein gut som veks opp i ein familie utan kjærleik, med ein alkoholisert far og ei trøystespisande mor. Guten vert mobba på skulen og vert etter kvart psykisk sjuk. Historia i seg sjølv er vond og særleg den første delen som handlar om når guten er liten, var vond å komme seg gjennom. Det som er så fantastisk med boka er språket og måten Tiller fortel historie.

I første kapitlet er det faren som er forteljar. Eit grep eg likar godt er når han fortel om at eigentlig ikkje drikk. Han drikk nesten ikkje! Men mens han fortel så skjønar vi at han nok drikk ganske mykje. Og det han seier står i grell kontrast til det guten fortel seinare i boka, faren er nemlig tung alkoholikar.

Så er det guten som overtek som forteljar. Rammeforteljinga er at han sit på psykiatrisk avdeling og skriv om bandomen sin. Og her brukar Tiller språket meisterleg. Stadige hopp og assosiasjonar i teksten, ulike minne frå barndom og ungdomstid glir over i kvarandre nesten umerkeleg. Stadige gjentakingar av forteljaren sine tvangshandlingar skapar ein urovekkjande puls i historia.

God og medviten bruk av språket gjer leseropplevinga og lesergleda større. Det er fantastisk herleg når ei bok kjem slik under huda på meg. Eg las brorparten av boka på toget i vinterferien. 2 timar i Tiller si verd gjorde noko med meg. Dei språklege grepa påverka meg på ein måte eg sjelden har opplevd før. Eg kjende meg uroleg, eg kjende meg nesten smårar sjølv og då eg gjekk av toget kjende eg meg nesten som Tiller sin hovedperson.

Takk for ei god historie - frå ein forfattar eg må lese meir av!